Posten med leveringsproblem: – Beklagar at ikkje alle får avisa i dag
Plus
Sjukdom og mangel på vikarar gjer at Posten ikkje kan levera Hordaland til fleire av abonnentane fredag.
– Det er berre å beklaga at Posten ikkje klarar å levera avisene. Me ynskjer sjølvsagt at avisa skal nå ut til alle lesarane våre, seier redaktør i Hordaland, Øystein Silde Frønsdal.
Om lag 80 abonnentar får dermed ikkje papiravisa fredag.
Posten opplyser at sjukdom og mangel på vikarar gjer at Posten ikkje kan levera ut Hordaland på alle rutene. Dette går sjølvsagt også utover postombering i desse områda.
– Det er i områda med postnummer 5708, dvs. Bordalen, Vikjavegen, Giljavegen, Rekvesvegen og Dalavegen, ein ikkje får post i dag, opplyser Posten.
Avisa vert levert ved neste postombering, opplyser Posten.
– For dei det gjeld og som har moglegheit, har me nokre utgåver på huset i Skulegata, seier Frønsdal.
Bømoen AS nådde ikkje fram i retten. Løne vert ikkje tvangsutkasta
Vil utestenga Stalheim i 10 år