Kommunen krev millionbeløp fordi det vart oppretta privatskule
Privatskulen på Lauvstad i Volda fekk løyve mot kommunen si vilje. No vil kommunen ha kompensasjon, 13 år etterpå.
Saka oppsummert
- Volda kommune krev millionar i kompensasjon frå staten fordi dei meiner dei har hatt økonomiske tap etter godkjenninga av ein kristen privatskule i 2013.
- Kommunen meiner det er for få elevar til å drive både den kommunale og den private skulen, som ligg berre seks kilometer frå kvarandre.
- Foreldre fryktar at den kommunale skulen blir lagt ned, noko som kan føre til lange pendlaravstandar for barna og avfolking av bygda.
- Kunnskapsdepartementet meiner kravet er uvanleg og peikar på at kommunen ikkje klaga på vedtaket i 2013.
- Foreldre og lokalsamfunnet meiner ein nedlagt skule vil svekke bygda og hindre vidare utvikling.
- Kommunen ventar svar frå styresmaktene innan midten av februar.
( Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.)
Det er bitande kaldt vintervêr i Volda kommune. I bygdesamfunna Dravlaus og Lauvstad er det også kalde frontar, ikkje berre vêrmessig.
Striden handlar om to skular.
Då Volda kommune la ned skulen på Lauvstad i 2013, fekk foreldre klarsignal frå styremaktene til å starte ein kristen privat skule.
Volda kommune var imot privatskulen og åtvara om at det var for få elevar til to skular, og at det var plass til alle elevane på den nybygde kommunale skulen.
– Vi er på sett og vis litt sjakkmatt. Vi må drive ein veldig liten kommunal skule. Samstundes får vi eit trekk i dei statlege overføringane fordi dei driftar ein privatskole som staten godkjende i si tid, seier oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik.
Oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik meiner staten må gi kompensasjon fordi dei sa ja til å opprette privatskulen som kommunen var imot.
Konkurrer mot kvarandre
13 år etter at privatskulen blei godkjent er det berre 50 skuleelevar att, fordelt på dei to skulane, som ligg seks kilometer frå kvarandre.
Det betyr at dei to skulane konkurrerer om få elevar.
Volda kommune har no sendt brev til styresmaktene der dei krev kompensasjon for den økonomiske konsekvensen av privatskulen. Dei hevdar dette utgjer 3,5 millionar kroner berre for 2026.
– Kor realistisk er det?
– Det veit ikkje eg, men det er litt viktig for oss å sette søkelyset på det, seier Kongsvik.
Det er om lag seks kilometer mellom privatskulen Ulvestad barneskule og den kommunale skulen, Dalsfjord skule. Dersom elevane skal gå på skule i Volda må dei ta ferje over fjorden.
Pendle i to timar dagleg
Nokre foreldre er på trilletur i kulden. Deira frykt er at den kommunale skulen skal bli lagt ned. Då må dei sende skulebarna sine med buss og ferje over fjorden til Volda sentrum. Det vil ta rundt to timar kvar dag.
– Det er heilt uaktuelt og kjem ikkje til å gå. Vi flytta jo til bygda for å ha familieliv og ha lov til å vere saman. Då kan vi ikkje bruke opp all tid på pendling, seier Guri Aksnes Moy.
Ho har fem barn og flytta tilbake til heimbygda i fjor.
Guri Aksnes Moy har fem barn og meiner det er utenkeleg at dei skal pendle til Volda dersom den kommunale skulen forsvinn.
Politikarane valde å behalde den kommunale skulen under budsjettbehandlinga i desember, men Moy trur skulen kjem til å bli foreslått nedlagt om att og om att. Dette skuleåret er det ingen førsteklassingar ved skulen.
Også Vebjørn Lillebø er redd for nedlegging. Han meiner den private skulen ikkje er stor nok til samle alle elevane. Dessutan passar det ikkje alle å sende barna til ein kristen skule.
– Kanskje vi må flytte, seier Lillebø.
Småbarnsforeldra Vebjørn Lillebø, Anika Aarflot Lillebø og Guri Aksnes Moy håper at staten kjem med meir pengar til Volda kommune.
Klaga ikkje på vedtaket
Verken rektor eller styreleiar ved privatskulen, Ulvestad barneskule, vil uttale seg i saka.
Kunnskapsdepartementet seier at kravet frå Volda kommune er svært uvanleg og at kommunen ikkje nytta retten til å klage då vedtaket om privatskulen blei gjort i 2013.
Dei opplyser vidare at det ikkje er staten som skal betale for privatskular, men trekkordninga skal bidra til at kommunar ikkje skal tape eller tene på å ha elevar i privat skule.
Kommunen er lova svar innan midten av februar.
Privatskular i Noreg
- I 2025 var det 279 private grunnskular i Noreg.
- Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar søknader om godkjenning.
- Ein skule skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skulen ikkje bør godkjennast.
- Godkjende skular får statstilskot til godkjend opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev.
- Sidan privatskular får tildeling direkte over statsbudsjettet, blir det trekt eit beløp frå kommunebudsjettet for å kompensere for innsparinga kommunane har ved at elevar ikkje går i den offentlege skolen.
(Statistisk sentralbyrå, Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet, Lovdata)
Det tar ca to timar tur/retur dersom skuleelevane skal pendle til Volda sentrum.
I Dalsfjorden håper foreldregjengen at staten vil bidra med pengar. Dersom den kommunale skulen forsvinn er det kroken på døra for bygdesamfunnet, trur dei.
– Blir skulen nedlagt, blir det avfolka her. Ikkje nokon folk eller næringsliv vil satse på ein stad utan skule, meiner Vebjørn Lillebø.
Dei to småjentene til Guri Aksnes Moy går framleis i barnehage. Ho håper den kommunale skulen eksisterer når dei skal starte på skulen.