Er sausa sammen
Når Unge Høgre i Møre og Romsdal framstår som AP og helseminister Vestre sin høge beskyttar, er det slett ikkje rart veljarane her i fylket har vendt partiet ryggen.
12%, tydeligvis ikkje lavt nok!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Høgre har blitt eit reint administrasjonsparti, mest opptatt av å forsvare byråkratiet og vanvittige system slik som helseministeren sin sterkt kritikkverdige utnevnelse av styreleiar i Helse Midt-Norge.
Les også:
Ei utnevning som har vakt stor oppmerksomheit landet over også i mange riksmedier, der det stort sett må stå igjen at det kun er Høgre her i fylket som støttar helseministeren i denne saka.
At Unge Høgre her i fylket ønsker at AP-regjeringa berre kan holde på slik, sette inn konsernsjefen i det største mediehuset i Midt-Norge som ny styreleiar i Helse Midt-Norge, der også staten er deleigar av Polaris Media, vitnar om null dømmekraft.
Les også:
Enda verre er det at denne konsernsjefen i Polaris Media, også er direkte styreleiar i til dømes Adresseavisa, så kom ikkje her og seie at rollene ikkje er sausa sammen.
Er nok rimeleg sikker på at desse forholda og rollene er hoderystande også i mediakretsane sjølve, der dei fleste forstår at slike bindingar og habilitetsvurderingar ikkje holder mål i vårt samfunn, spesielt ang etikk og moral.
At konsernsjefen i Polaris Media sjølv ikkje ser dette, er enda verre.
Så får berre Høgre fortsette på sin veg, dilte etter AP og verne så godt dei kan om helseminister Vestre. 12% her i fylket er eit godt resultat det, i så måte.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal