Herold

Saman for eit sterkt og sjølvstendig Valdres: Svar til Frode Rolandsgard

Kilde: Valdres Author: Ove Ekerbakke, gruppeleiar Nord-Aurdal Høgre Published: 2026-01-29 16:57:00
Saman for eit sterkt og sjølvstendig Valdres: Svar til Frode Rolandsgard

Takk til Frode Rolandsgard for eit reflektert og godt innlegg om framtida for dalføret vårt. Frode set ord på noko av det viktigaste vi diskuterer. Korleis vi kan bevare det nære og gode i kvar enkelt bygd, samstundes som vi rustar oss for ei framtid med store endringar?

Eg deler Frode sitt ønskje om at Vang, Slidre, Heggenes, Bruflat og Bagn skal vera vitale og attraktive lokalsenter. For meg handlar ikkje ein samla Valdres-kommune om å sentralisere, men om å sikre at Valdres framleis skal vera ein region som bestemmer over seg sjølv.

Kanskje er det ikkje éin kommune som er det rette, men to, tre, fire eller faktisk seks?

Trenden i dag er tydeleg: Oppgåver blir stadig meir komplekse, og staten stiller strengare krav. Når kommunane kvar for seg blir for små til å løyse desse oppgåvene, skjer éin av to ting: Anten blir oppgåvene flytta ut av dalen – til statsforvaltaren på Hamar eller direktorata i Oslo – eller så hamnar dei i interkommunale selskap der vegen frå innbyggjar til avgjerd blir lang.

Eg ønskjer at dei viktigaste avgjerdene om eldreomsorg, skule og næringsutvikling framleis skal takast av politikarar som bur og ferdast i Valdres. Ved å byggje éin sterk kommune, skaper vi ein organisasjon som er robust nok til å stå imot statleg detaljstyring. Vi viser at vi har fagmiljøa som trengst for å styre eigne tenester utan innblanding frå Hamar eller Oslo.

Frode er bekymra for lokaldemokratiet, og det er eit viktig poeng. Men demokrati handlar om meir enn talet på kommunestyrerepresentantar; det handlar om kva makt dei faktisk har. I dag forsvinn mykje makt inn i lukka styre og stell i interkommunale samarbeid. Ved å samle oss, kan vi flytte denne makta tilbake til ein open kommunestyresal der debatten er synleg for alle.

I ein ny Valdres-kommune kan vi også tenkje nytt om nærdemokratiet. Kanskje skal vi ha lokale bygdeutval eller grenderåd med eigne budsjett? På den måten kan vi få det beste frå to verdiar: Den faglege styrken til ein stor kommune, og det brennande engasjementet for nærmiljøet som Frode skildrar så godt frå Vestre Slidre.

Eg trur, i likskap med Frode, at vi treng meir fakta på bordet. Ei utgreiing bør ikkje handle om kva vi skal leggje ned, men om korleis vi kan organisere oss for å vekse. Kanskje kan vi fordele kommunale arbeidsplassar slik at vi styrker alle lokalsentera? Kanskje kan vi skape fagmiljø innan skule og helse som gjer oss til ein føregangsregion i landet?

Målet mitt er ikkje at éin skal vinne og ein annan tape. Målet er at vi i Valdres skal stå samla og sterke, slik at det er vi – og ingen andre – som bestemmer korleis det skal vera å bu og leve her i generasjonane som kjem.

🏷️ Extracted Entities (8)

Frode Rolandsgard (person) Hamar (entity) Oslo (place) Vestre Slidre (person) Bagn (entity) Bruflat (entity) Heggenes (place) Vang (entity)