Ny forsking frå UiA viser unge bruker Paracet for å dempe angst og depresjon
Paracetsalet har auka med nærare 50 prosent på få år. Mange bruker det fordi dei blir stressa, seier skoleelevar.
Saka oppsummert
- Salet av paracetamol i Noreg har auka med 49 prosent på sju år, og mange ungdommar bruker det for å handtere stress og press.
- Forskarar åtvarar om at smertestillande ikkje har effekt på psykiske plager som angst og depresjon, og at langvarig bruk kan vere skadeleg.
- Universitetslektor Eva-Grethe Befus meiner at lett tilgang til smertestillande kan føre til feil bruk blant ungdom.
- Ho understrekar at det er viktig å skilje mellom normale følelsar som stress og sorg, og alvorlege psykiske problem.
- Foreldre og lærarar kan spele ei viktig rolle i å hjelpe ungdom med å forstå og handtere utfordringar utan å ty til medisin.
- Apotekforeningen og fagpersonar etterlyser meir opplysning og rettleiing om trygg bruk av smertestillande medisinar.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering
– Eg har venninner som har tatt Paracet rett før ei prøve fordi dei blir så stressa og får vondt i hovudet, seier Rachhavody Khom (18).
Vi møter henne og skolekompisane i kantina på Kristiansand Katedralskole Gimle (KKG). Elevane seier at mange på deira alder er raske med å ty til smertestillande medikament.
– Mange bruker det for å dempe press og stress. Kanskje dei heller burde ta ein pause eller legge seg litt tidlegare, undrast Pernille Hoyer-Sørensen (18).
Pernille Hoyer-Sørensen seier at mange på deira alder raskt tyr til smertestillande.
Ifølge tal frå Apotekforeningen blei det selt rundt 660 millionar paracetamoltablettar i fjor.
I norske apotek har paracetsalet auka med 49 prosent på sju år.
Det var P4 som omtalte dette først.
Elevane er ikkje overraska over dei høge salstala.
– Eg opplever at stadig fleire har det med seg. Og mange spør etter det i gruppechatten, seier Nichlas Ellingen.
Rachhavody Khom (t.v.), Oskar Tingulstad, Pernille Hoyer-Sørensen og Nichlas Ellingsen er ikkje overraska over dei høge salstala.
Feil bruk
Universitetslektor Eva-Grethe Befus ved Universitetet i Agder har forska på helserelatert livskvalitet blant barn og unge.
Nyleg disputerte ho med doktorgrada si, der ho fann ut at 30 prosent av elevane på vidaregåande skolar i Agder brukte smertestillande medisinar kvar veke eller dagleg.
– Mange tar dei for angst, depresjon og stress. Men i utgangspunktet har dei ingen effekt på dette. Det er ein medisin som hjelper mot smerter og som er febernedsettande, seier Befus.
- Les litt lenger ned for å få forskaren sine «fem om dagen» for god psykiske helse.
Universitetslektor Eva-Grethe Befus ved Universitetet i Agder.
At dei smertestillande medikamenta er lett tilgjengelege på apotek og matbutikkar, kan også påverke bruken, trur ho.
– Da tenker dei gjerne at det er heilt ufarleg å ta dei. Men det stemmer ikkje ved langvarig bruk over tre månader, seier Befus.
Må ikkje sjukleggjere
Universitetslektoren minner om at det å grue seg til ei prøve ikkje er angst. Det er heller ikkje depresjon om ein blir lei seg når ein kjærast gjer det slutt.
Kanskje kan dei høge tala handle om at vi sjukleggjer litt for mykje, fortset ho.
– Her kan foreldre og lærarar bidra til å endre oppfatninga av kva som er psykiske problem, og kva som er å ha det vanskeleg.
Smertestillande er ofte med på skolen.
– Mange tenker kanskje at ei smertestillande pille vil fikse ting kjapt. Men kanskje vi vaksne heller må tore å vere til stades i livet til ungdommen og gi gode råd.
Derfor ønsker ho å løfte fram versjonen til den psykiske helsa av «fem om dagen».
– Det er fem forskingsbaserte grep ein kan gjere i eige liv for å ha det bra, seier ho.
Fem grep for å få det betre
- Ver oppmerksam
Forsking viser at trening av merksemda betrar immunforsvaret vårt og gir auka glede. Det kan redusere stress og førebygge depresjon.
- Ver aktiv Forsking viser at regelmessig fysisk aktivitet gir auka livskvalitet for alle, uansett alder. Trening utløyser endorfinar som aukar velværet og reduserer stress.
- Fortsett å lære Forsking viser at livslang læring gir auka livskvalitet og motstandskraft. Læring endrar hjernen! Kvar gong du lærer noko nytt blir det danna nye koplingar.
- Knyt band Forsking viser at sosiale relasjonar er bra for den psykiske helsa di, og fungerer som ein buffer mot psykisk uhelse. Dette let til å vere tilfelle for menneske i alle aldrar.
- Gi Forsking viser at livskvaliteten blir høgare når du har ein følelse av meining og bidreg i samfunnet. Det å gi aktiverer område i hjernen som er ansvarlige for lykke, lønning og velvære.
Kilde: Rådet for psykisk helse
– Ser det i kantina
Dei høge tala som nå blir avdekte har fått fagdirektør i Apotekforeningen Hanne Andersen til å reagere.
Ho undrast over det høge salstalet og seier det kan vere grunn til å sjå på om forskrivinga blir gjord heilt i tråd med dei nasjonale retningslinjene.
– Tala viser at kvar nordmann, uavhengig av alder, har hatt tilgjengeleg hundre tablettar kvar av paracetamol med 500mg, seier Andersen.
Det er likevel ingen tvil om at mange tar godt for seg. Det bekreftar Gonzalo Rojaz, som er miljøarbeidar på KKG.
– Det er ein merkbar auke. Eg jobbar mykje med sosialisering og bruker mykje tid med elevane i kantina.
Der ser han det med eigne auge.
– Eg finn mange tomme brett og esker. Ungdommen sjølv seier at dei tar det både fordi dei har smerter og er nervøse.
Miljøarbeidar på KKG, Gonzalo Rojaz, ser at det er mange elevar som bruker mykje Paracet på skolen.