Herold

Israel og sionismen

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Palestinakomiteen i Romsdal Published: 2026-01-29 11:04:32
Israel og sionismen

Jødar har opp gjennom historia vore utsette for trakassering, forfølging og drap. Best kjent i nyare tid er pogromane i Austeuropa og Tysklands folkemord på jødar – Holocaust under andre verdenskrig.

Israel og sionismen

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

På slutten av 1800-talet byrja talspersonar for jødane å arbeide for å få etablert eit eige heimland. Med utgangspunkt i gammal historieforteljing om eit Stor-Israel samla dei seg om at dette burde bli i Palestina. Dei fekk etter kvart stormaktene over på si side. Staten Israel vart godkjent av FN i 1948.

For at jødane skulle kunne få fleirtal i denne nye staten måtte mange av dei som alt budde der, fordrivast. Mellom 7 og 800 000 palestinarar vart jaga vekk og mange drepne. Ved den første fordrivinga lova Israel at desse skulle få vende tilbake, men dei stod ikkje ved denne lovnaden. Desse som flykta i 1948, er no blitt til 4 millionar flyktningar og bur hovedsakleg i nabolanda til Israel.

I følge FN skulle området delast i to med både ein israelsk stat og ein palestinsk stat. Historia frå 1948, frå David Ben Gurion og til Netanyahu i dag, viser at Israel har motarbeidd alle avtalar om ein palestinsk stat frå første stund. Då Israel okkuperte Vestbredden og Gaza i 1967, vart ytterlegare 300 000 fordrivne og alt som har skjedd etter, tyder på at Israel kjem til å annektere heile dette området, som var tiltenkt den palestinske staten. Slik sett har sionistane og staten Israel halde FN og verda for narr.

Heilt frå starten av har sionistane hatt som mål, at ein jødisk stat måtte ha minst 85% jødar. Målet om eit stort Israel, Erez Israel, har alltid lege der. Det ligg til grunn også for at Israel ikkje ønskte faste grenser. Historia etter 1948 viser med ei rekke krigar at Israel gradvis har utvida landområda sine. Og det siste no er planane om å fordrive palestinarar frå Gaza.

Peder Martin Lysestøl som nett har gitt ut ny bok om Sionismen, kjem til Molde i slutten av februar. Han har greve djupt i sionismen og kan fortelje ei spennande historie frå dei første sionistane og heilt opp til våre dagars gazakrig.

Palestinakomiteen i Romsdal

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (31)

Erez Israel (person) FN (entity) Gaza 📁 (category) Holocaust 📁 (category) Israel 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde 📁 (category) Palestinakomiteen 📁 (category) Sionisme 📁 (category) Gaza 🏷️ (keyword) Holocaust 🏷️ (keyword) Israel 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Palestinakomiteen 🏷️ (keyword) sionisme 🏷️ (keyword) Gaza (entity) Austeuropa (entity) David Ben Gurion (person) Molde (place) Netanyahu (entity) Nordvest (entity) Palestina (entity) Palestinakomiteen i Romsdal (organization) Peder Martin Lysestøl (person) Sionismen (entity) Stor-Israel (entity) Tyskland (entity) Vestbredden (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Israel, Gaza, Holocaust, Sionisme, Palestinakomiteen, Molde
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Israel, Gaza, Holocaust, Sionisme, Palestinakomiteen, Molde