Herold

Simon tente 300.000 på ein månad med «gardsdrift»

Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-01-27 01:40:00
Simon tente 300.000 på ein månad med «gardsdrift»

Vipps-donasjonar fekk traktoren til å rulle.

Rett etter nyttår sette Simon Kleiveland i gang med å rydde mark, pløye, gjødsle, slå og hauste. Alt medan hundrevis av skodelystne følgde kvart sekund.

Det gjekk føre seg i dataspelet Farming Simulator, der ein skal bygge opp og drive ein gard, og Kleiveland kringkasta det heile direkte på TikTok.

24 dagar seinare var gardseventyret over. Med eit gjennomsnitt på 13 speletimar per dag, hadde Kleiveland spelt i 315 timar då han parkerte traktoren laurdag.

– Utruleg nok er eg ikkje lei, eg syntest framleis det er gøy, seier han.

I selskap

Heile 2026 har gått med til å bygge opp garden medan han har chatta med sjåarane.

– Det har vore skikkeleg kjekt. Det har blitt eit eige fint miljø i chatten og der folk kjem inn for å seie god morgon og prate.

Han fortel at sjåarane har halde både han og kvarandre med selskap.

– Det er bønder som har det i bakgrunnen, og taxi- og lastebilsjåførar som har det på øyret når dei køyrer. For dei har det vore litt som ein podkast som har surra og gått. Eg svarer på spørsmål og så dreg eg stundom fram trekkspelet.

Har treft ei nisje

Kleiveland har ei 50 prosent stilling i eit rekneskapsselskap, resten av tida er han profesjonell innhaldsskapar. Gjennom karakteren Turbo-Kent formidlar han humoristiske snuttar frå gravemaskiner, traktorar og rånebilar.

– Det er mange som er interessert i bil og motor og det er ei gruppe eg når, fortel karen frå Frekhaug.

Kleiveland tek også sjåarane med på ulike prosjekt og reiser. Som då han køyrde til Italia i ein stroken Volvo 240.

I tillegg steller han i stand ultramarathon-økter framfor speleskjermen.

Minutt for minutt

Sjølv om den nokså lange speløkta var ei god oppleving for Kleiveland, var han glad då den siste donasjonen kom inn og tida gjekk ut.

Premissen for at han skulle halde fram med gardsdrifta, var at sjåarane donerte pengar via Vipps. I utgangspunktet vart speletida utvida med eitt minutt for kvar tikroning som kom inn. Og for kvar dag vart prisen auka med ei krone.

315 timar blir naturlegvis ein del minutt og dermed ein god slump med pengar inn på konto.

Kleiveland er samstundes tydeleg på at det var gratis å både sjå sendingane og å chatte. Og at det var rom for alle.

– Eg takka like mykje om dei vippsa 500 kroner eller 1 krone. Pengane som kjem inn gjer at eg kan lage meir content.

– Korleis sikrar du at det ikkje er barn eller sårbare grupper som betaler for det?

– Nokre trur gjerne at det er barn som sit og vippsar, men statistikken min seier at det er stort sett vaksne folk som ser på, og ein må uansett vere over 15 år for å kunne vippse til bedrifter. Og eg er veldig bevisst på å aldri oppfordre folk til å vippse.

Ein ivrig sjåar vippsa totalt 29.900 kroner i løpet av perioden.

– Det er ein person med god stilling i Nordsjøen og for han er det ikkje så mykje. Dei fleste vippsar småsummar fordi dei syntest det er artig at eg må fortsette å spele.

Han presiserer at det er eit gratis å sjå på, medan ein på Netflix og andre tenester må betale for å titte.

Ny bil i sikte

Etter at perioden var over, var inntektene kome på over 300.000 kroner før skatt og avgifter. Ei grei månadsløn for ein gardbrukar.

– Ein må hugse på at det er fordelt på 315 timar. Og dette er noko som går inn i bedrifta mi slik at eg kan halde fram med å lage content.

– Det skal også dekke feriepengar og pensjon. I tillegg har eg mange arbeidstimar utan inntekt for å skape innhaldet.

Bil er ein sentral del av videoane til Kleiveland og no har han sett seg ut ein Audi Rs6, som skal bli ein del av «content-universet».

– Det blir kanskje eit nytt bilprosjekt, men den er veldig dyr, så eg må finne ut om det går.

No blir det uansett ein periode utan at han treng drive gard medan han underheldt følgarane sine. Og han innrømmer at det blir ein overgang.

– Det har vore veldig kjekt, men eg må i alle fall ta ein liten pause. Det har jo blitt slik at eg drøymer at eg speler om natta, seier han lattermildt.

– Og så har eg mykje å ta igjen. Dama har jo tatt seg av alt av matlaging, rydding og vasking.

🏷️ Extracted Entities (11)

Simon Kleiveland (person) Audi Rs6 (organization) Farming Simulator (person) Frekhaug (entity) Italia (entity) Netflix (entity) Nordsjøen (entity) TikTok (entity) Turbo-Kent (entity) Vipps (entity) Volvo (entity)