Brannvesenet oppfordrar: – Ver veldig forsiktige
Snøen smelta bort, og sidan har det vore kaldt og tørt i Nordhordland. Brannfaren i gras, lyng og skog har auka.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for heile Vestlandet, grunna stor brannfare i lyng, gras og skog.
Også Austrheim kommune har publisert eit innlegg på sine heimesider om brannfaren.
Etter at snøen frå tidlegare i januar smelta, har vi hatt ein lengre periode med kaldt og tørt vêr i Nordhordland, og Vestlandet forøvrig.
– Når det er slik, så tørker det godt i gras og lyng i snøfrie område, seier statsmeteorolog Johanne Ordahl.
Ho legg til at brannfaren då aukar i regionar som Nordhordland der mykje av snøen har smelta bort.
– Nyt sola
Meteorologisk institutt oppmodar om å ikkje bruke open eld, før det kjem nedbør igjen.
– Og det ser ut som at det blir kaldt og tørt ei stund framover. Prognosane er rimeleg sikre på at det kjem til å vere kaldt og opphaldsvêr, i alle fall resten av denne veka.
Neste veke kan det nærme seg plussgradar på dagtid, avhengig av vêrmønster, men Nordhordland kan vente seg klart og kaldt vêr i alle fall i halvannan veke framover, ifølge Ordahl.
– Vi skjønnar det er freistande å tenne bål og nyte sola i desse dagar. Men tenk deg godt om, og bruk felles og etablerte bålområde. Skulle du forlate noko som ein grill, sjå til at den er heilt sløkt.
Utover det gule farevarselet har Ordahl ei oppmoding:
– Nyt sola! Vi veit aldri når vi mistar ho.
– Og følg instruksjonar frå lokalt brannvesen. Dei har god tilleggsinformasjon.
– Kan spreie seg raskt
Nordhordland brann og redning har også merka seg vêrforholda:
– Vi oppmodar innbyggjarar stekt om å være veldig forsiktige med å tenne bål i desse dagar. Dei må vere ekstra varsamme med omsyn til forholda vi har no.
Det seier innsatsleiar i Nordhordland Brann og Redning, Gunn-Torhild Ramslien, til NH.
Sevja er ute av greinene, det er mykje tørt gras og tørr lyng, forklarar Ramslien:
– Det kan fort ta fyr i terrenget, og brannen kan spreie seg raskt. Brannar som det kan lett kome ut av kontroll.