Pengegåve til Raude Kors Omsorg
Plus
Overskotet frå den årlege utgjevinga av Vaksdalkalenderen, har Dale Fotolag i år gjeve til Raude Kors Omsorg sine avdelingar på Vaksdal og Dale.
Vonar gåva vert delt likt
Har mange aktivitetar
Eit stort prosjekt
Neste års tildeling er bestemt
Dale Fotolag gir kvart år ut ein kalender med bilete frå heile Vaksdal. Av overskotet deler laget ut gåver til gode formål i lokalmiljøet, og denne gongen er det Raude Kors Omsorg som er mottakar.
Representantar frå Dale Fotolag møtte måndag leiarane i Raude Kors Omsorg sine avdelingar på Vaksdal og Dale, Bente Sjøbø og Renate Standal, for å overrekka pengegåva, i Korpshuset på Dale.
- Me er glade for å kunne bidra til det viktige arbeidet dei gjer, og vonar gåva på 15.000, som vert delt likt mellom laga, kjem godt med, seier Daniel Eide Hesjedal, kasserar i Fotolaget.
Vaksdal og Dale sine lag av Raude Kors Omsorg tel meir enn 30 medlemmar til saman, og dei når ut til mange i kommunen gjennom aktivitetane sine.
Dei to laga organiserer sosiale aktivitetar som bingo, høgtlesing av avis, fellesturar og førjulsfest. Ein tilbyr også følgjeteneste for personar som ønskjer det ved til dømes tannlegebesøk, i tillegg til besøksteneste.
Bente Sjøbø, leiar i Vaksdal Raude Kors Omsorg, er glad for gåva.
- Me er veldig glade for gåva, og me skal tenkja nøye gjennom kva me skal bruka pengane til, seier ho.
10.000 til ungdomsklubbane frå fotolaget
Sidan 1990 har Vaksdalkalenderen vore ein fast gjest i mange heimar. Fram til 2012 var det Lions Club Vaksdal som stod bak kalenderen, før Dale Fotolag tok over.
- For oss i fotolaget er kalenderen eit stort prosjekt som går gjennom nesten heile året. Bilete skal takast frå alle delar av kommunen, redigerast, tilpassast, samlast inn og organiserast før me kan sende til trykkjeriet for design og trykk. Så er det ein stor jobb med salet no før jul, seier Eide Hesjedal.
Tidlegare har mellom anna Dale pensjonistlag, Vaksdal pensjonistforeining og ungdomsklubbane fått denne gåva. Vaksdalkalenderen for 2026 blir nummer 35 i rekka.
- Me ser fram til å treffa våre trufaste kjøparar att no før jul, seier kasseraren.
Når rekneskapen for 2026-kalenderen er gjort opp har fotolaget bestemt at Vaksdal Barne- og ungdomskorps skal få gåva neste haust.
Gav fotopengar til pensjonistlag