Herold

Krasj på Flatøy i morgontimane

Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-01-28 07:36:13
Krasj på Flatøy i morgontimane

Det opplysast om at det er veldig glatt på staden.

Klokka 08:05 melde Vest politidistrikt om ein bil som hadde køyrt i ein betongkant på Flatøy. Politiet rykte ut til staden, ifølge operasjonsleiar Ole Ronny Olsen.

Det blei ikkje meldt om personskade som følge av trafikkuhellet, men bilen må bli frakta bort frå staden.

Då NH passerte staden, omtrent samstundes som då politiet melde om uhellet, var det ikkje kø eller trafikale utfordringar i området.

Ifølge NH sin reporter på staden har uhellet skjedd i svingen der ein køyrer av E39 rett etter Nordhordlandsbrua. Bilen har krasja inn i betongautovernet utanfor vegskuldra.

NH kan melde at dette er ei singelulykke, og ein person var involvert.

Klokka 08:55 var bilbergar på staden. Trafikken har i mellomtida passert forbi ulykkesstaden utan problem.

Bilførar blei køyrt til legevakta av politiet for ein sjekk. Det blir ikkje oppretta sak rundt forholdet.

🏷️ Extracted Entities (6)

Flatøy (place) Då NH (organization) E39 (entity) Nordhordlandsbrua (entity) Ole Ronny Olsen (person) Vest (entity)