Herold

Byggesøknader kan bli enklare med digital løysing

Kilde: NRK Author: Marit Henriette Gustavsen Published: 2026-01-28 16:39:01
Digital teneste skal få ned ventetida

Skal du gjere noko på eigedommen din, risikerer du å måtte vente tre månader før du får svar på byggesøknaden.

Saka samanfatta

  • Lange behandlingstider for byggesøknader er ei nasjonal utfordring, med ventetider på opptil 12 veker.
  • Kristiansand kommune samarbeider med 23 studentar frå Universitetet i Agder for å utvikle digitale og automatiserte løysingar.
  • Målet er å redusere behandlingstida frå fleire veker til berre minutt.
  • Prosjektet er ein del av den nasjonale satsinga "Drømmeplan", som skal gjere det enklare å finne ut kva som er lov å byggje.
  • Samarbeidet gir studentane verdifull erfaring og bidreg til innovasjon i offentleg sektor.
  • Digitale tenester skal avlaste kommunane og gjere søknadsprosessane meir brukarvennlege for både teknisk kyndige og mindre erfarne brukarar. ------------------------------------- Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det skal ei gruppe studentar no sjå om dei kan gjere noko med.

– Det er ei nasjonal utfordring. Vi må få fart på plan- og byggesaksbehandlinga for at vi skal kunne bygge dei bestilte bustadene i landet, seier Venke Moe.

Ho er plan- og bygningssjef i Kristiansand kommune.

Venke Moe er imponert over innsatsen til dei ferske studentane.

23 studentar frå Universitetet i Agder (UiA) skal dette semesteret samarbeide med kommunen for å utvikle digitale tenester som skal forbetre byggesaksprosessen.

– Tenesta skal hjelpe oss slik at prosessen med saksbehandling går raskare, seier Moe.

Kommunen har tett samarbeid med Direktoratet for byggkvalitet.

Det er eit felles mål å gjere søkeprosessar lettare for både publikum og saksbehandlarar.

Nasjonal satsing

Ein av studentane som skal vere med å utvikle tenestene er Ole Bjørk Olsen.

– Basert på det vi har høyrt, er det lange tider på saksbehandling. Spesielt for plan og bygg, seier han.

Tenesta dei jobbar med skal blant anna gi lettare informasjon om kva som er lov.

Då er det viktig å kartlegge korleis tenesta kan bli brukarvennleg.

Eit eksempel kan vere ein søkar utan teknisk kompetanse som ønsker å bygge ein garasje på eigedommen sin.

– Søkaren kan møte på fleire utfordringar enn ein som kanskje har meir tekniske ferdigheiter, forklarer student Henrik Sæverud Lorentzen.

Frå 12 veker til minutt

Rådgivar for digitalisering i KS, Heidi Liv Tomren, heiar på samarbeidet i Kristiansand.

Ho håpar på meir automatiserte løysingar i framtida med kortare responstid.

– Søkaren kan få ein SMS etter berre nokre minutt med:«søknaden din er godkjent», seier ho som eit eksempel.

Heidi Liv Tomren, KS

Tomren meiner det trengst slike tenester for å avlaste kommunane.

– Arbeidet kommunane gjer med førespurnader frå privatpersonar er veldig tidkrevjande, seier ho.

Unikt samarbeid

Samarbeidet er unikt på landsbasis.

– Nye, unge hovud tenker annleis enn vi som har jobba med dette lenge. Samarbeidet er heilt fantastisk, seier plan- og bygningssjef Venke Moe.

Hallgeir Nilsen er førstelektor ved UiA og organiserer studieprogrammet.

Hallgeir Nilsen, førstelektor Institutt for informasjonssystem ved Universitetet i Agder

– Bedriftene er modige. Dette motiverer og skjerpar studentane. Plan og bygg i Kristiansand kommune er ein av våre aller viktigaste samarbeidspartnarar.

Kontorkvardag

Studentane hadde nyleg sin første arbeidsdag i kommunen.

Gjennom heile våren skal studentane jobbe med prosjektet på heiltid.

Å komme ut frå studiekvardagen til jobbkvardag kan vere ein overgang for mange, men studentane er motiverte.

– Det blir heilt fantastisk. Eg kjem ut i arbeidslivet med litt erfaring, seier Henrik Sæverud Lorentzen.

🏷️ Extracted Entities (20)

Agder UiA (organization) Agder 📁 (category) Agder: Kristiansand 📁 (category) Kristiansand (place) Norge 📁 (category) Studenter 📁 (category) Universitetet (entity) Universitetet i Agder 📁 (category) Venke Moe (person) Hallgeir Nilsen (person) Heidi Liv Tomren (person) KS (entity) Direktoratet (entity) Drømmeplan (entity) Henrik Sæverud Lorentzen (person) Institutt (place) KI (entity) Ole Bjørk Olsen (person) OpenAI (entity) SMS (entity)

📊 Metadata

Category: Agder, Studenter, Universitetet i Agder, Agder: Kristiansand, Norge
OpenGraph Title: Byggesøknader kan bli enklare med digital løysing
Twitter Title: Byggesøknader kan bli enklare med digital løysing