Russetreff gjer endringar etter kritikk
1000 russ i 20 minus fekk kommuneoverlegen til Ă„ reagere. NĂ„ gjer festivalen endringar.
Saka oppsummert
⹠Rundt 1000 russ skal vere med pÄ eit russetreff pÄ Geilo til helga, med temperaturar ned mot 20 minusgrader. ⹠Kommuneoverlegen uttrykte uro for sikkerheita, spesielt med tanke pÄ alkohol og risiko for nedkjÞling. ⹠ArrangÞren har vedtatt Ä flytte konsertane innandÞrs og etablere eit stort varmetelt med plass til 900 personar. ⹠Russen blir transportert med bussar mellom overnattingsstader og arrangementet, og det blir innfÞrt krav om varme klede for Ä fÄ tilgang. ⹠ArrangÞren har ogsÄ leigd inn vektarar og etablert beredskapstiltak for Ä sikre tryggleiken under arrangementet. ⹠Fleire russ meiner bekymringane er overdrivne, men har likevel fÞrebudd seg med varme klede for Ä takle kulda.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar fÞr publisering.
Russetida er ikkje berre rulling i mai og dansing i vÄrvarme solnedgangar. Det kan ogsÄ vere fest pÄ eit vinterkledd Geilo.
Rundt 1000 russ kan bli mĂžtt av 20 minusgrader til helga, noko som bekymrar kommuneoverlegen.
â Det handlar om omsorg for dei som skal delta. Det er utfordrande nĂ„r du vel Ă„ samle sĂ„ mange ungdomar og servere alkohol i januar. Det er ein hĂžg risiko for lĂ„g kroppstemperatur, og det kan vere fare for liv og helse, seier kommuneoverlege Karin MĂžller til NRK.
Bergens Tidende og HallingdĂžlen har tidlegare omtalt saka.
â NĂ„r du drikk alkohol mistar du litt av vurderingsevna di.
Flyttar konserten innandĂžrs
Russen kjem hovudsakleg frÄ Stavanger og Bergen, for Ä farge Geilo den siste helga i januar har vore ein tradisjon i fleire Är.
Dei siste Ă„ra har konsertane vore utandĂžrs, mens russen har hatt eit varmetelt tilgjengeleg om dei blir kalde. Birkelund Camping har stĂ„tt for arrangementet, men i Ă„r har dei berre leigd ut plassen â og konsertane blir haldne inne i eit stort telt.
â Det har vore hyggeleg og morosamt, og ikkje nokon store problem. Det er jo derfor vi har takka ja til Ă„ leige ut grunnen til firmaet som arrangerer, seier dagleg leiar Diana Adampour.
Russen bur pÄ hotell og hytter pÄ Geilo, som er eit kvarters kÞyring unna campingplassen. Deltakarane blir frakta til og frÄ med bussar.
Slik var ein av bussane dekorerte for to Är sidan.
â Vi gjer dette for ungdommen, slik at dei ikkje berre vandrar rundt pĂ„ Geilo, seier Adampour.
Har kjĂžpt nye klede
NRK har mÞtt tre bergensgutar som gler seg til russetreffet. Og 18-Äringane er godt fÞrebudde.
â Eg trur det blir bra, det verkar som det er godt planlagt. Vi visste det kom til Ă„ bli kaldt da vi bestilte billettane. Eg har kjĂžpt inn ekstra klede og sko, og eg trur dei fleste skjĂžnner alvoret, seier Emil Trellevik.
Emil Trellevik, Adrian Sande og Odd-Marcus Gjerstad frÄ Bergen reiser til Geilo til helga.
Kompisen Odd-Marcus Gjerstad skal ogsÄ ha med seg ekstra klede.
â Det er nok lurt at det har komme nokre klesreglar slik at vi taklar kulda. Eg skal ha pĂ„ meg ull, boblebukse og ei varm jakke.
18-Äringane er ikkje einige i bekymringa frÄ kommuneoverlegen.
â Eg tenker ho overreagerer litt. Vi er ungdommar, vi kjem til Ă„ klare oss, seier Adrian Sande.
Reagerer pÄ kritikken
Kommuneoverlege Karin MÞller skreiv eit brev til arrangÞren Event4you, der ho uttrykte stor bekymring. ArrangÞren har nÄ vedtatt Ä kutte utescena.
â Det hjelper viss alle held seg nokolunde samla, og at dei held varmen. Da blir det ogsĂ„ lettare Ă„ halde overblikk over dei, seier MĂžller.
EventbyrÄet roar bÄde russ og foreldre.
â Vi har hĂžyrt pĂ„ bekymringane til kommunelegen, og har fĂ„tt tak i eit varmetelt med plass til opptil 900 menneske, og sĂ„ bygger vi ei stor scene inne i det, seier dagleg leiar Karl-Kristian Kristensen.
Skal sjekke kleda
Kristensen meiner dei har spelt med opne kort heile vegen.
â Vi har dokumentert og planlagt, med bĂ„de beredskap og nĂždutgangar. Dei papira har vi sendt inn tre gonger.
â Kvifor kopla de pĂ„ dei lokale myndigheitene sĂ„ seint?
â Russen hadde uansett planlagt Ă„ ha eit arrangement pĂ„ Geilo, og kontraktane var ikkje klare fĂžr pĂ„ starten av Ă„ret.
Han fortel at dei har leigd inn 15 vektarar frÄ eit godkjent selskap, og at det i tillegg vil vere 10 personar frÄ deira eige byrÄ der. Dei skal blant anna sjekke antrekk, og du kjem ikkje inn pÄ omrÄdet utan Ä ha varme nok klede.
Til helga blir det stor russefest her pÄ Birkelund Camping.