Herold

Blindeforbundet meiner for mange barn går med uoppdaga synsfeil – ønsker betre synskontrollar

Kilde: NRK Author: Olaug Bjørneset Published: 2026-01-28 04:08:25
Mange har uoppdaga synsfeil: – Eg tenker mykje på om ting kunne vore annleis

Sonen til Stine Haugen Klinge ser svært dårleg. Men det var det ingen som visste før han var sju år. Blindeforbundet meiner for mange barn går med uoppdaga synsfeil.

Stine Haugen Klinge jobbar som pedagogisk leiar i ein barnehage i heimbygda Midsund på Romsdalskysten. Ho har mykje kunnskap om barns utvikling.

Likevel oppdaga ho ikkje at sonen såg svært dårleg før dei var til optikar då han var sju år.

Det viste seg at han hadde så redusert syn at han raskt blei tilvist til augelege.

Med brillene på plass er det lettare å sjå, men sidan synsfeila blei oppdaga så seint, er det vanskeleg å korrigere dei.

Vil hjelpe andre

Mora blei fortvila og fekk dårleg samvit då ho skjønte at sonen var veldig langsynt og i tillegg har redusert skarpsyn utan at nokon hadde oppdaga det.

– Eg forstår framleis ikkje den dag i dag korleis det er mogleg at han har fungert sånn som han har gjort.

Stine Haugen Klinge.

Guten hadde nemleg levd eit svært aktivt liv og køyrd cross sidan han var tre år. Ikkje før han hadde gått på skulen i nesten to år fekk dei vite at han hadde sterkt behov for briller.

– Eg tenker mykje på om ting kunne vore annleis om det blei oppdaga før. Dei første åra er svært viktige for barns utvikling, seier ho.

Klinge meiner alle barn i Noreg burde blitt undersøkt av augelege i to-treårsalderen for å utelukke synsfeil.

– Om det hadde blitt oppdaga då, så hadde han mest truleg hatt betre syn, sidan beste perioden for å korrigere synsfeil er frå dei er null til sju år.

Vil ha endring

Blindeforbundet støttar Haugen i at alt for mange barn går med uoppdaga synsfeil.

Ei undersøking frå Nasjonalt senter for optikk, syn og øyehelse ved Universitetet i Sørøst-Norge antydar at så mange som 70.000 norske skulebarn går med uoppdaga synsfeil.

Ein ny rapport frå Menon economics på oppdrag frå Norges Blindeforbund, Specsavers og Roche justerer ned talet til ca. 40.000.

Det er uansett alt for mange meiner forskingssjefen i Blindeforbundet.

– Det at ca. 40.000 barn går rundt med uoppdaga synsfeil, er jo eit stort problem. Dagens system fangar dei rett og slett ikkje opp, seier ho.

Ho meiner ei endring må til fordi uoppdaga synsfeil kan gi store utfordringar for den enkelte og koste samfunnet mykje.

– Mykje vil hjelpe om optikarar blir brukt i langt større grad saman med augelegane. Og desse undersøkingane må vere offentleg finansierte, seier Haugen.

Forskar Trine Langaas stadfestar at det er mange barn i Noreg som går rundt med uoppdaga synsfeil.

– Det er mørketal fordi ikkje alle barn får ei grundig synsundersøking, seier ho.

Dei har eit forskingsprosjekt på gang der dei undersøker synet til alle barn på utvalde skular i Kongsberg kommune. Mange av dei som blir undersøkte har ukorrigerte synsfeil.

– Funna indikerer at uoppdaga synsproblem hos barn er eit reelt og truleg underrapportert problem.

Forskar Trine Langaas om kvifor mange synsfeil ikkje blir oppdaga

  • I Noreg er den mest vanlege synsfeilen langsyntheit, noko som i utgangspunktet ikkje gir tydelege utslag på test av synsstyrke på avstand. Ei grundig synsundersøking er nødvendig for å oppdage alle typar synsfeil.
  • Ved synstesting på helsestasjon ved 4‑årskontrollen, blir undersøkt i hovudsak synsstyrke på avstand ved hjelp av symbol eller bokstavar på ei synstavle.
  • I tillegg blir det testa for openberr skjeling og for store forskjellar i synsstyrke mellom auga, rigga for å oppdage alvorlege, synstruande synsfeil, men det er ikkje eigna til å avdekke langsyntheit.
  • Langsynte barn kompenserer for synsfeilen ved å justere fokus i auga, såkalla akkommodasjon. Barn har normalt god evne til å akkommodere og synsstyrken kan stå fram som normal sjølv ved moderat grad av langsyntheit.
  • Denne kompensasjonen skjer likevel på kostnad av auka anstrenging, særleg når synskrava er høge, for eksempel ved mykje lesing på nært hald, når teksten blir svært halden nært, eller ved langvarig nærarbeid.
  • 4‑årskontrollen er siste formelle test av synsfunksjonen gjennom det offentlege helsesystemet, og mange foreldre er ikkje klare over at det er dei sjølv som har ansvaret for sine barns augehelse. Skolehelsetenesta testar syn berre på indikasjon, det vil seie dersom barnet sjølv klagar, eller dersom foreldre eller lærarar mistenker synsvanskar. Dette gjer at mange barn med mindre openberre synsproblem ikkje blir fanga opp.
  • Barn som er nærsynt vil raskt få uklart syn på avstand, og vil sjølv oppleve og seie frå om dette, og for eksempel flytte seg nærare tavla i klasserommet. Sjølv lita grad av nærsyntheit gir redusert synsstyrke på avstand, og denne typen synsfeil er derfor relativt enkel å oppdage.
  • Barn med langsyntheit eller samsynvanskar kan slite i kvardagen trass i normale resultat på avstandstestar. Desse barna kan bruke store mengder energi på å sjå klart og enkelt, noko som kan gi symptom som hovudverk, trøyttleik, uro eller konsentrasjonsvanskar.
  • Slike symptom blir ofte ikkje med ein gong tolka som synsrelaterte, og ofte forstår ikkje barna sjølv kva dei slit med og nokon unngår dermed å gjere nærarbeid fordi dei ikkje kan gjere tilpassingar sjølv.
  • Dårleg uthald kan føre til at langsynte barn ikkje orkar å sitte lenge med lesing og arbeid på nær.
  • Summen av dette gjer at mange barn med synsproblem ikkje blir tilviste til vidare synsundersøking, og at synsfeil og synsvanskar derfor held fram med å vere uoppdaga og ukorrigert over tid.

Har kontrollar

Helse- og omsorgsdepartementetseier at det er anbefalt med augekontrollar i regi av den offentlege helsetenesta ved faste kontrollar. og at og syn inngår i helsesamtalen på 1. og 8. trinn.

– Barns syn blir sjekka på 4-årskontrollen og syn inngår i helsesamtalen på 1. og 8. trinn. I tillegg kan foreldre kontakte både helsestasjon, skulehelsetenesten og fastlege dersom det er teikn på at barnet har synsproblem, skriv Rønning-Arnesen i ein e-post.

Ho seier også at dei no jobbar med ein eigen helsepersonellplan der oppgåvedeling og rett bruk av personell inngår.

– Gjennom arbeidet med ventetidsløftet ser vi at ventetidene har gått markant ned, og vi vil fortsette dette arbeidet i 2026, slik at tilgangen til helsehjelp blir enda betre – også for dei med sansetap, skriv ho.

Meiner det må spesialistar til

For mamma Stine Haugen Klinge er det sårt å tenke på at ho ikkje oppdaga at sonen såg så dårleg.

Stine Haugen Klinge.

Ho meiner det er veldig vanskeleg å oppdage dette sjølv, og at det ikkje er nok med standardsjekkane som er hos helsesjukepleiarar.

– Det er innanfor fagfeltet deira, men ein augelege er utdanna spesifikt for dette. Eg meiner det må vere ein obligatorisk sjekk for alle barn hos augelege, seier ho.

🏷️ Extracted Entities (21)

Stine Haugen Klinge (person) Barn/unge 📁 (category) Helse 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Noreg (entity) Norge 📁 (category) Forskar Trine Langaas (person) Haugen (entity) Menon economics (organization) Blindeforbundet (entity) Kongsberg (place) Midsund (place) Nasjonalt (entity) Norges Blindeforbund (person) Roche (entity) Romsdalskysten (entity) Rønning-Arnesen (entity) Specsavers (entity) Sørøst-Norge (entity) Universitetet (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Helse, Barn/unge, Norge, Helse og livsstil
OpenGraph Title: Blindeforbundet meiner for mange barn går med uoppdaga synsfeil – ønsker betre synskontrollar
Twitter Title: Blindeforbundet meiner for mange barn går med uoppdaga synsfeil – ønsker betre synskontrollar