Herold

Barnevernspedagogen blei gründer: – Må nok vere litt gal

Kilde: Bygdebladet Author: André Jonassen Published: 2026-01-27 23:05:00
Barnevernspedagogen blei gründer: – Må nok vere litt gal

Helene Austbø bytta ut trygg offentleg jobb med eit ambisiøst gründerliv. No vil ho utfordre gigantar som Facebook med ny app.

Det starta då ho hoppa av hamsterhjulet.

Helene Austbø frå Rennesøy har jobba som pedagogisk leiar i barnehage og som barnevernspedagog. Så blei ho sjukmeldt i ein månad i samband med ein operasjon, og fekk plutseleg veldig mykje fritid.

Då dukka det opp ei side av ho som ho ikkje visste om.

– Då eg fekk meir fritid, og livet ikkje berre bestod av småbarnsliv og jobb, oppdaga eg at eg hadde ei gründerspire og ei enorm skaparglede i meg, fortel ho.

I 2017 starta ho turnettbutikken Happy Hikers. No, nokre år seinare, leier ho eit teknologiprosjekt som skal samle alle opplevingar og arrangement på éin stad.

Først i Rogaland, deretter Noreg, så Europa.

Hoppet frå offentlege arbeidsvilkår med trygge pensjonsavtalar til å drive for seg sjølv er ikkje for kven som helst.

– Ein må nok vere litt gal, seier ho og ler.

Nå går Helene og Nathalie sammen: – Vi har sett et tydelig behov Lokalt firma merker konkurransen fra Kina: – Kan bli kroken på døra for oss

Skal slå Facebook

Målet med prosjektet, «Blizbi», er å bygge ein digital infrastruktur for heile opplevingsnæringa.

Altså ein app.

Der skal du kunne finne arrangement og hendingar som du faktisk kan vere interessert i.

– Eg har snakka med tilbydarar som har drive i ti år, men som framleis møter lokale kundar som ikkje visste om tilbodet deira.

Arrangementsoversikter finst det allereie flust av, men Austbø meiner det kan gjerast betre, spesielt for å få fram spennande ting frå små aktørar.

Det finst allereie flust av nettstader med oversikter over arrangement. Austbø meiner likevel at det kan gjerast betre, spesielt for å få fram spennande ting frå små aktørar.

– Me skal synleggjere tilbydarar basert på kva dei tilbyr, ikkje på kor stort marknadsføringsbudsjett dei har.

Facebook er ein av dei større nettstadene der ein kan finne arrangement i dag. Austbø meiner at algoritmane deira ikkje lenger gjer jobben.

– Våre undersøkingar viser at Facebook ikkje fungerer likevel. Du går fort glipp av hendingar som er relevante for deg. Du ser på onsdag at det skjedde noko kjekt på laurdagen som var.

Løysinga til Blizbi er teknologi som matchar hendingar direkte med brukaren sine interesser og plassering.

– Enkelt forklart skal dette vere plassen du går for å finne alt av aktivitetar og opplevingar, uavhengig av kva behov du har.

I en travel hverdag finner Helene tid til å være ute med barna: – Man må inngå kompromisser

App kjem i februar

Idéen ser ut til å ha livets rett.

Austbø og Blizbi har starta eit samarbeid med «Kystens avstikkere», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Randaberg, Kvitsøy og byøyene i Stavanger. Målet er å utvikle ein attraktiv reiselivsdestinasjon i regionen, og det skal Blizbi hjelpe til med.

I tillegg har dei med seg hotellkjeda Clarion på samarbeidet.

– Det er flott at desse store hotella ser verdien i å engasjere seg så lokalt. Dei ønsker å vere med på å løfte det eg kallar «det usynlege gullet» – dei små, hyperlokale aktørane.

Tilbodet har vore i ein tidleg testfase i ei stund allereie. I februar kjem første beta-versjon av appen. Det blir markert med ein kickoff for aktivitets- og opplevingsaktørar på Clarion Hotel Stavanger 2. februar.

Austbø har klokkartru på eige konsept.

– For meg er det heilt sjølvsagt at det kjem til å gå.

Helene satser på å fylle et hull i lokalt reiseliv: – Enkelte føler seg ekskludert i eget lokalsamfunn Dette er Blizbi

Vil i lomma til alle skandinavar

Sjølv om ho i utgangspunktet utviklar teknologi og app, heng motivasjonen hennar saman med erfaringa som barnevernspedagog.

– Eg veit frå eigen erfaring at det å vere ute er helsefremmande. Det som motiverer meg er eigentleg å motverke utanforskap og bidra til betre mental helse.

I første omgang er det dei i Nord-Jæren og Ryfylket som får vere med på reisa, men ambisjonane stoppar ikkje der.

Kva er draumescenarioet om fem år?

– Då er Blizbi i lomma til alle som har ein smarttelefon i heile Skandinavia, og kanskje eit par andre europeiske land. No skal me først vise kva Rogaland har å by på, så skal me ut i verda.

– Me lagar eit pilotprosjekt saman med aktørar i regionen for å bygge ein modell for skalering i Noreg, før me skal ut i verda. Gründer Helene vil senka kvardagstress og styrka relasjonar: – Me har for lite tid saman

Helene skal komme med nytt tilbud: – Planlagt dette i ett år Åpner nytt spisested til våren – nå skal de ansette folk

Overtok varelager og åpner ny butikk i Søregata Gir alt for gründereventyret: – Jobben har endret meg

Liv fikk nok av drama, dealing og deling. Nå har hun slettet appen fra datterens telefon

🏷️ Extracted Entities (20)

Blizbi (entity) Helene Austbø (person) Clarion Hotel Stavanger (organization) Facebook (entity) Noreg (entity) Rogaland (place) Europa (entity) Happy Hikers (person) Kina (entity) Kvitsøy (place) Kystens avstikkere (entity) Lokalt (entity) Nathalie (entity) Nord-Jæren (entity) Randaberg (place) Rennesøy (place) Ryfylket (entity) Skandinavia (entity) Søregata Gir (person) Åpner (entity)