Den kvite månaden kan ha større effekt enn du trur
Rekordmange nordmenn vurderte å la glaset stå i starten av 2026. Ifølge forsking kan ein merke betydelege endringar sjølv etter berre éin månad.
(BA): Éin av tre nordmenn som drikk alkohol vurderte ein kvit månad i 2026, ifølge ei undersøking Opinion utførte på vegner av Blå Kors.
Både Vinmonopolet og Hansa Borg kan rapportere om at alkoholfritt-trenden har utvikla seg positivt det siste året.
– Eg trur det har ein samanheng med at folk er meir bevisste på dei negative helsekonsekvensane av alkohol.
Det seier Charlotte Nybråten, spesialrådgivar i KORUS Bergen.
Store helsegevinstar på kort tid
Sjølv det å kutte ut alkohol i berre éin månad viser seg å gi ei rekke helsefordelar, ifølge ein studie utført ved Brown University. Betre søvn, vektnedgang, forbetra leverfunksjon, betre humør og konsentrasjon og dessutan økt energi er blant funna.
– Det er jo litt overraskande at det har så stor effekt å kutte alkohol i berre ein månad, seier Nybråten.
– Ein tenker gjerne at ein må avstå frå det veldig mykje lengre, held ho fram.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=465351
TV-profilen valde eit kvitt liv
Ein som har fått kjent på dei positive effektane av å droppe alkoholen er artist og TV-profil Adrian Sellevoll.
– Ein kvit januar, eller eit kvitt liv generelt, vil jo gi deg enormt mykje overskot. Du vil både føle deg betre og sjå betre ut, seier Sellevoll.
I februar har 27-åringen frå Nordhordland vore rusfri i tre år. Det har gjort han til ei viktig inspirasjonskjelde for mange.
– Eg får ekstremt mange meldingar av unge som seier at eg inspirerer dei til å slutte med narkotika eller alkohol. Også bekymra foreldre tar kontakt og fortel at barna deira har fått inspirasjon frå meg, fortel Sellevoll.
Samtidig er artisten tydeleg på at han ikkje ønsker å rette den moralske peikefingeren. I staden vel han å dele sin egen historie, der han viser både konsekvensar av rusen og fordelane ved eit alkoholfritt tilvære.
– Eg vil inspirere andre, utan å krevjeat nokon skal gjere noko, seier han.
Unngå fellene: Derfor glepp det for mange
Trass dei openberre fordelane med ein kvit månad, finn mange den utfordrande og i lengste laget. Spesialrådgivar Charlotte Nybråten i KORUS Bergen peiker på at januar er ein lang, mørk og kald månad, der mange ikkje ønsker å redusere kosen.
Særleg i sosiale lag kan fråværet av alkohol følast krevjande, noko Sellevoll også har erfart.
– Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal ordlegge seg. Det er jo kjipt at folk ikkje klarer å vere seg sjølv utan å få i seg einingar, seier han.
Sellevoll observerer at mange startar med ein kvit januar, men raskt gir opp. Spesialrådgivar Nybråten trur den vanlegaste årsaka til at folk bryt den kvite månaden er dårleg planlegging.
– Det kan vere eit godt råd å planlegge for andre gøyale ting i dei settingane der ein vanlegvis ville drukke alkohol, seier Nybråten.
Slik taklar man ein kvit januar:
Sellevoll oppfordrar folk til å stå i det og tørre å møte slike situasjonar. Fordelane er trass alt mange.
– Du får ingen fylleangst, kan køyre til og frå byen og vakne med god samvit, konkluderer han.
Delte meiningar på gata
I Bergens gater er meiningane om ein kvit januar delte. Medan nokon har gjort det til ein livsstil, synest andre dei sosiale freistingane blir for store.
For musikar Øyvind Skarbø er konseptet kvit månad framand.
– Eg har kvit januar heile året, fortel han.
Skarbø har ingen spesiell grunn til sitt avhald, men understrekar at trenden uansett er positiv for folkehelsa.
Italienaren Fabio Morsiani har ikkje kasta seg på januarkampanjen, men prøver likevel å trappe ned.
– Eg prøver å gå ned i vekt, forklarer han.
Han erkjenner at ein helt kvit månad sit langt inne, men helsefordelane gjer at det likevel er noko han vil vurdere i framtida.
– Eg blir lett freista, så då må eg prøve å halde meg unna familie og venner, erkjenner han og legg til at det er enda vanskelegare i heimlandet Italia, der eit glas vin til maten som regel er norma.
Giovanna Castano har også italienske røter og trekker fram at ho som mor ofte har ufrivillige kvite månader. Hennar perspektiv på trenden er nyansert.
– Eg synest det er vanskeleg å svare på, seier ho og trekk fram korleis enkelte utestader blir negativt ramma økonomisk.
Samtidig ser ho ei tydeleg endring i samfunnet: Det har blitt langt meir akseptabelt å takke nei til alkohol.
– Om du tenker det er bra for deg, så ja, gjer det. Om ikkje, så nei, konkluderer ho.
Januareffekten: Midlertidig eller permanent?
Med januar på hell har mange som har halde seg til ein kvit månad sikkert kjent på fordelane. Men når kalenderen blar om til februar, er då heile innsatsen bortkasta, eller vil effektane ha ein varig verknad?
– Det kan absolutt føre til positive konsekvensar også etter den kvite månaden er ferdig, seier Nybråten. Ho viser til forsking som indikerer at dei som gjennomfører ein kvit januar, i gjennomsnitt drikk mindre resten av året.
Nybråten forklarer at ein slik periode gjerne fører til refleksjon rundt eigne drikkemønster og triggerar. I tillegg trekker ho fram ein utilsikta effekt:
– Ein kan gjere det litt i solidaritet med folk som trøblar med alkohol. Det kan også vere ein fin start for å teste ut alkoholfrie periodar, utan at ein treng å snakke høgt om at ein strever.