Trafikkuhell på Lindåsvegen
Like før klokka 13.30 laurdag ettermiddag oppstod det eit uhell mellom to køyretøy i Knarvik.
– Hendinga skal ha skjedd i låg fart, var meldinga frå 110-sentralen.
Uhellet oppstod mellom to bilar, der den eine køyrde i den andre bakfrå i nærleiken av Juvikstølen i Knarvik.
Til saman skal tre personar vere involverte i uhellet der det ikkje skal ha vore snakk om personskader.
Kring klokka 13.40 blei det meldt om at all trafikk på staden var stansa i arbeidet med å rydde bilane bort. Stenginga førte til lange køer i området.
Klokka 14.40 kom meldinga om at staden var rydda. Trafikken går no som normalt.
🏷️ Extracted Entities (3)
Lindåsvegen
(entity)
Knarvik
(place)
Juvikstølen
(entity)