Må me dela opp att Alver kommune for å få slutt på samfunnsnedbyggjinga?
Hadde åtte skular vorte nedlagde i dei tre gamle kommunane? Nei. Ville alle sjukeheimane vorte sentraliserte til Knarvik? Nei.
Det står i saksutgreiinga om skulebruksplanen at ein har fokus på tiltak som kan betra økonomien på kort sikt. I saksutgreiinga kan ein lesa ord som strukturendringar, innsparingstiltak, økonomi.
Ord som ikkje finns i saksframlegget: Samfunn, samfunnsutvikling, bygder, grender, samfunnsplan.
Presisering frå skribenten:
I mitt hovud er dei største risikoane med å gjennomføra nedleggjingane: Barna sine trygge miljø, veldig lang reiseveg for barna, forvitring av lokalsamfunn og fråflytting. Det er ei djup bekymring.
Har budsjettfleirtalet, Ap og dei borgarlege, desse bekymringane? Har kommunedirektøren? Kva politikarane meiner veit me ikkje. Utifrå saksutgreiinga seier kommunedirektøren: «Hovudrisikoen knytt til gjennomføring er manglande politisk forankring, forseinka framdrift og uro i lokalsamfunn».
Ein kommunedelplan som ikkje er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel, er ikkje forsvarleg utgreidd etter plan- og bygningslova.
Det er fleire ting ved skulebruksplanen som krev debatt og oppklaring. Men, det aller første og viktigaste som må avklarast er at Samfunnsplanen ikkje er nemnt ved eitt einaste høve i heile saksutgreiinga.
Det er etter mitt skjønn ein sakshandsamingsfeil, som gjer at saka ikkje er forsvarleg utgreidd etter lova. For det andre syner dette overtydeleg at dette slett ikkje er ein kommunedelplan som veg dei samfunnsmessige konsekvensane mot ein annan.
Til dømes korleis tenestene til innbyggjarane kan leverast på best mogleg vis, på ein rasjonell berekraftig måte som gjer meining for samfunnet. Forankra i det viktigaste plandokumentet kommunen har: Samfunnsplanen.
Det som no er lagt fram framstår ikkje som ein samfunnsplan, men som eit reint kortsiktig innsparingstiltak i kommuneøkonomien. Det er heilt feil premiss, både etter fornufta sine prinsipp, men og etter lova. Dette skal ikkje vera ein økonomiplan!
Senterpartiet åtvara i kommunestyret 18. desember om at det kom til å verta utruleg mange skulenedleggjingar som følgje av budsjettvedtaket. Og til alt overmål, dobla Ap, H, KrF, FrP og V innsparingane på skulestruktur! Kommunedirektøren hadde faktisk berre føreslege halvparten.
Senterpartiet og Velferds og innovasjonspartiet hadde ikkje skulenedleggjingar i vårt budsjett. Vårt framlegg hadde investeringsstopp, tilsetjingsstopp og effektivisering av kommuneorganisasjonen som innsparingar, heller enn kutt i tenestene til folk.
Postnummera Hjelmås, Knarvik, Isdalstø, Alversund og Frekhaug har ikkje mindre enn 6 skular. Dersom set passaren i Knarvik og slår ut er det under ti minutt(i bil, ikkje skulebuss) til alle desse skulane.
Ein anna viktig faktor her er at alle skulane har ledig kapasitet. Basert på Norconsult sin rapport hadde desse skulane til saman 547 ledige plassar i 2023. Og det har ikkje vorte færre ledige dei siste åra, eller dei neste framover.
Dersom Grasdal, Seim, Vestbygd, Eikanger og Sæbø vert lagd ned får det store konsekvensar for barna. Miljøskiftet vert stort og reisevegen for til dømes elevane på Festo, Aadland, Høyland, Askeland og Holme vert veldig lang.
For barna å reisa innan den korte aksen Leiknes, Knarvik, Alversund, Frekhaug har det betydeleg mindre konsekvensar. Dei får ikkje lang reiseveg, og dei er truleg allereie involvert i nærmiljøet rundt på mange måtar.
Skal dette vera ein skulebruksplan med truverd, må han byggja på samfunnsplanen, ikkje på reint kortsiktig budsjettrekneskap som berre bidreg til å byggja ned samfunnet.