Herold

Ivar kjøpte berre éin plastpose i heile fjor – men Noreg er langt unna kravet

Kilde: NRK Author: Julianne Kyoo-Ree Eikrem Published: 2026-01-26 15:19:27
Ivar kjøpte berre éin plastpose i heile fjor – men Noreg er langt unna kravet

Nordmenn kjøpte 54 plastposar kvar i 2025. Ivar Dvergsdal er eit heiderleg unntak. Han kjøpte berre ein einaste pose i heile fjor.

«Pip, pip, pip». Matvare etter matvare blir skanna, og Ivar Dvergsdal puttar dei rett i det handlenettet han har tatt med seg.

Det er alltid med. Skulle han gløyme det, spring han ut att i bilen eller ber varene med seg.

– I fjor kjøpte eg éin plastpose, fortel han.

Ei sak om ein kval med 30 plastposar i magen, var ein stor vekkjar for han.

– Etter det bestemte eg meg for at no var det nok. Vi må skjerpe oss.

Langt unna nytt EU- krav

Men Ivar Dvergsdal sitt eine plastposekjøp i fjor, er ganske unikt.

I snitt kjøpte vi nordmenn nemleg 54 plastposar i 2025.

Det er langt unna EU sitt mål for fjoråret, som var 40.

Alle land i EU eller EØS er pålagt å redusere unødig plastposebruk, som mellom anna forsøplar havet.

Handelens Miljøfond jobbar hardt for at vi nordmenn skal nå EU- kravet.

«Det store posekuttet» er eit tiltak frå dei.

Dei er ikkje heilt nøgde med fjorårets plastposetal.

– Vi ser at det fungerer, men vi har framleis ein veg å gå, seier kommunikasjonsansvarleg Stian Kallekleiv.

Eit problem er at mange gløymer att handlenettet, og dette har dei prøvd å jobbe med. Mellom anna med å få opp plakatar utanfor butikkar.

– Målet vårt er å greie kravet i år, seier Kallekleiv.

– Kva skjer om Noreg ikkje greier målet om 40 posar per innbyggjar?

– EU har ikkje meldt kva som blir konsekvensen. Men forhåpentlegvis reduserer vi posebruken så raskt i løpet av året at vi ikkje treng å finne ut av det heller.

Menn over 30 verst

Ei undersøking Handelens Miljøfond har gjort syner at folk er meir økonomisk bevisste, og dermed planlegg handelen betre.

– Då hugsar dei oftare på å ta med handlenett heimafrå.

Då står det verre til med spontane handleturar. Plastpose-«verstingane» er menn over 30 år, ifølge undersøkinga.

Renè Haugen har blitt mykje meir bevisst på plastposebruken dei siste åra og prøver alltid å ha med medbringa handlenett.

Ved kassa på Coop Extra i Førde finn vi eit heiderleg unntak i gruppa menn over 30, nemleg Renè Haugen.

41-åringen tek lunsjen under armen i dag, og han passar på å ha med seg handlenett til vanleg.

– Eg er nok meir bevisst på det no enn tidlegare. Både med tanke på prisen, men også miljøet.

Haugen er slik sett i godt selskap med mange nordmenn.

Det går nemleg rette vegen. Spolar vi nokre år tilbake i tid brukte kvar nordmann i snitt 135 plastposar i året.

I 2024 var talet nede i 69, og i fjor hamna vi altså på 54.

Dette samsvarar med kva butikksjef Marit Botnen ved Coop Extra Kronborg ser.

– Vi ser ein stor nedgang i salet og ser at ein stor prosent har med seg gjenbruksnett, seier ho.

– Bortkasta pengar

På ein annan butikk i same by møter NRK fleire kundar som er opptekne av miljø og pris. Men så var det dette med å hugse på å ta med handlenett ...

Ronja Urheim irriterer seg litt over prisen på plastposar, som no har bikka sju kroner.

– Det er jo i grunnen bortkasta pengar.

Arild Romarheim er i same båt.

– Eg er for slapphendt. Eg har fleire heime, men gløymer å ta dei med.

Ekteparet Herman og Astrid Heimseter storhandlar denne dagen, og må rett nok kjøpe ein plastpose for å romme alle varene. Men til vanleg får dei alt med seg i medbringa plastposar og handlenett.

– Vi tenkjer på miljøet, seier Herman.

Herman og kona Astrid Heimseter gjer unna storhandelen i Førde denne formiddagen. Handlenett og medbringa plastpose er alltid med.

🏷️ Extracted Entities (15)

EU (entity) Noreg (entity) Ivar Dvergsdal (person) Klima og miljø 📁 (category) Astrid Heimseter (person) Coop Extra Kronborg (person) Ekteparet Herman (person) Førde (entity) Handelens Miljøfond (person) Renè Haugen (person) Arild Romarheim (person) EØS (entity) Kallekleiv (entity) Marit Botnen (person) Ronja Urheim (person)

📊 Metadata

Category: Klima og miljø
OpenGraph Title: Nordmenn langt unna plastposemålet til EU. Ivar kjøpte berre éin i 2025
Twitter Title: Nordmenn langt unna plastposemålet til EU. Ivar kjøpte berre éin i 2025